Velkomen til Rødslia Gard

 

Småbruket Rødslia ligg i Skaun kommune i Sør-Trøndelag, berre 35 minuttars køyring frå storstaden Nidaros. Bygda heiter Råbygda, og grenda Rødsgrenda. Som namnet tilseier, er Rødslia øvste garden i denne grenda.

 

Bruket har om lag 30 da dyrka mark og 100 da skog. Det vert ikkje brukt verken kunstgjødsel eller gift/sprøytemidlar på garden.

 

Hovudaktiviteten er oppdrett av hardføre og vakre rasehøns. Me har ei rekkje store og mellomstore bruksrasar. Du kan bli kjend både med desse, og med ender, gjess, sauer, hundar og hestar på desse nettsidene. Sidene inneheld mykje praktisk informasjon. Du kan også tinga kyllingar og rugeegg. Etter kvart skal du også kunna tinga litteratur om hønsehald og melda deg på kurs.

 

På desse sidene vonar me å gje eit lite innblikk i livet i Rødslia. Du får møta menneske og dyr, det nye og det tradisjonelle,  tankar og handlingar. Dersom sidene gjev deg inspirasjon og/eller ny kunnskap, er målet nådd. Meir ambisiøs skal ein heller ikkje vera når ein byr seg sjølv fram som ein bitteliten node i det enorme nettverk som utgjer verdsveven ...

 

Bruk menyen til venstre for å navigera deg gjennom folk, dyr (mest høns!), refleksjonar og fagstoff. Lenker til ein del nettstader som tek opp tilgrensande tematikk finn du og. God reise gjennom det kulturelle landskapet Rødslia, og velkomen attende så ofte som råd!

 

Tilbake til start

 

Rødslia Gard © 2009 • Ingen fotografi kan nyttast utan avtale